KIM RYSSTAD

EI STEMME FOR ALLE TIDER

BIOGRAFI


Kim Rysstad er songar og kvedar frå Rysstad i Valle, midt i Setesdal. Røysta hans ber med seg lange liner av tradisjon, men blikket er alltid retta framover. Med djup respekt for folkemusikken, og ei tydeleg personleg stemme, har han vorte ein av dei mest markante formidlarane av norsk vokaltradisjon i sin generasjon.


Mange fekk for alvor auga opp for Kim i Stjernekamp på NRK1 hausten 2019. Veke etter veke viste han eit sjeldan spenn, frå det nære, inderlege til det kraftfulle og opne, medan han song seg heilt til finalen og ein sterk andreplass.


Platekarrieren starta med Tak hardt uti hand, eit debutalbum som vart varmt motteke av både publikum og kritikarar. Sidan har han gjeve ut ei rekkje album i eige namn, mellom anna Vegen (Spellemann-nominert), Timeglas og joleklassikaren Snøen laver ned, spelt inn med London Philharmonic Orchestra og omtalt av NRK som «tiårets vakraste juleplate».


Eit sentralt verk i Kim Rysstad sitt kunstnarskap er Draumkvedet. Dette spesielle verket, ofte omtala som Noregs nasjonalepos har Kim framført heilt aleine i Vigelands mausoleum kvart år sidan 2015. Innspelinga Rysstad gjorde med Kringkastingsorkesteret fekk strålande anmeldelsar. Samarbeidet med KORK har også resultert i fleire tv-sendte konsertar, mellom anna jolekonsertane i 2018, Nesten Jul og Jul med KIM&KORK frå 2023, der Kim også var programleiar.  


I 2022 gav han ut Or Setesdal, ei cdbok med folkemusikk frå heimtraktene, ei utgjeving som vart møtt med unisone lovord. Året etter kom Villfarande barn, gjeve ut på Kirkelig Kulturverksted og produsert av Erik Hillestad, og resulterte i ny Spellemann-nominasjon i klassen for tradisjonsmusikk.


Kim har bakgrunn frå klassisk song, men fann etterkvart vegen inn i folkemusikken. Han har studert ved Folkekunststudiet i Rauland og Ole Bull Akademiet på Voss, og lært av sentrale tradisjonsberarar som Agnes Buen Garnås, Ellen Nordstoga, Ånon Egeland og Birgit Rike Lund. Samstundes hentar han inspirasjon frå alt frå country og bluegrass til pop, noko som gjev uttrykket hans eit ope og tidstypisk preg.


Rysstad har vore med i Melodi Grand Prix to gonger, deltatt i Beat for Beat, og laga fleire radioprogram for NRK, mellom anna Sommar i P2 og Min folkemusikk. Gjennom åra har han samarbeidd med ei rekkje artistar, mellom andre Silje Nergaard, Anne Grete Preus, Tord Gustavsen, Helene Bøksle og Herborg Kråkevik. Kim har også komponert musikk til podcasten "HeartSmart Conversations" med Lilli Bendriss, Mari Manzetti og Prinsesse Märtha Louise. 


Parallelt med det utøvande arbeidet har Kim hatt ei tydeleg rolle i musikklivet også bak scena, som medlem av fonogramutvalet i Fond for lyd og bilde, jurymedlem i Drømmestipendet og har ved fleire høve vore jurymedlem i Spellemannprisen.




BIO


Kim Rysstad is a singer and traditional folk vocalist from the small village of Rysstad, deep in the Setesdal valley of southern Norway. Rooted in one of Norway’s strongest living folk traditions, his voice carries centuries of vocal heritage while speaking clearly to a contemporary audience. The vocal music of Setesdal is inscribed on UNESCO’s Representative List of the Intangible Cultural Heritage, and Rysstad is among the few artists today who keep this tradition alive on major stages.


As a classically trained singer who later devoted himself fully to folk music, Rysstad has become known for his expressive range, strong sense of storytelling and willingness to cross musical borders. His work moves freely between traditional folk music and collaborations with jazz, pop and classical musicians, always with the voice at the centre.


His recording career began with the critically acclaimed debut album Tak hardt uti hand, which received the award for Solo Album of the Year at the Norwegian Folk Music Awards. This was followed by Vegen, nominated for the Spellemann Prize (Norwegian Grammy Awards), Timeglas, and the iconic christmas album Snøen laver ned, recorded with the London Philharmonic Orchestra and praised by NRK as “the most beautiful Christmas album of the decade.” The album reached #1 on iTunes Norway and received extensive national radio airplay.


One of the cornerstones of Rysstad’s artistic work is Draumkvedet, also recorded with the Norwegian Broadcasting Orchestra (KORK) to outstanding reviews. Since 2015, he has performed Draumkvedet annually in the Vigeland Mausoleum in Oslo. He has also presented two televised Christmas concerts with KORK on NRK1, in 2018 and 2023.


In 2022, Rysstad released Or Setesdal, a CD-book devoted to traditional music from his home region, receiving top reviews across the Norwegian press. The year after he earned another Spellemann nomination for the album Villfarande barn, released by Kirkelig Kulturverksted and produced by the renowned Erik Hillestad.


A wider Norwegian audience came to know Rysstad through season 8 of the television series Stjernekamp (NRK1), where he impressed both judges and viewers with his musical versatility and reached the final. He has also participated twice in Norway’s Eurovision selection (Melodi Grand Prix), appeared on popular TV programmes such as Beat for Beat, and created several radio productions for NRK. Kim also composed music for "HeartSmart Conversations" a spiritual podcast series made by Lilli Bendriss, Mari Manzetti and Princess Märtha Louise of Norway. 


Throughout his career, Kim Rysstad has collaborated with a wide range of artists, including Silje Nergaard, Anne Grete Preus, Helene Bøksle, Herborg Kråkevik and Tord Gustavsen. Alongside his artistic work, he has also held several positions of trust in Norwegian musical life.

DISKOGRAFI

ALBUM


2023: Villfarande Barn (KKV) - med Arve Henriksen og Tord Gustavsen

2022: Or Setesdal - (TALIK Records)

2021: DRAUMKVEDET m/KORK (GAMA!Records)
​2018: Snøen laver ned (X5 Music/Warner Norway) - med London Philharmonic Orchestra
2016: Timeglas, (Grappa/Heilo)​
2011: Vegen (GRAPPA/Heilo)

2007: Tak hardt uti hand (Etnisk musikklubb)

Singlar/EP


2024: "Natt i desember" (Labels and Gentlemen) med Knut Bjørnar Asphol

            "Stay" - (GAMA!Records) - med Knut Ingolf Brenna

2023: "Angels" (Mockingbird records) - med Helene Bøksle

2022: "Grevevisa" (TALIK Records)

2021: "Gofa" (GAMA!Records)

2020: "Der var du" (GAMA!Records) 
2020: «Rainbow» (GAMA!Records) 
2012: «Så vidunderleg» (GRAPPA / Universal)


GJESTEARTIST


Stille Fred - med GRAS, 2025.
LJOS, duett med Beate S. Lech (Jazzland) 2019
Lyden av Prøysen, Sigurd Hole/Helge Lien, (Grappa) 2014
Berre meg, Ingebjørg Bratland (Universal) 2014
Big Basco, Basco, 2014 – «Storebror og lillebror», «Lova lova»
Min vår, Inger Lise Stulien (MTG) 2013 – «Syng meg heim»
Himmelveg, SalmeKlang (Sandén Media) 2012 – «Eg er ein gjest i verda»
Unclouded, Silje Nergaard (Sony) 2012 – «Norwegian Boatsong»
Jul i Sør, Torstein Sødal (Warner) 2011 – «Et lite barn så lystelig»
Friaren, Aasmund Nordstoga (Warner) 2010 – «Hei huskom i hei»
Sandkorn, Sigrid Moldestad (GRAPPA/Heilo) 2010 – «Måneskinslandet»

Spelferd heim, Rannveig Djønne (Djønno Records) 2008 – «Bambas»



PRISAR


2023:  Nominert til Spellemannprisen for "Villfarande Barn"

2021:   Nominert i Åpen Klasse, Folkelarm for "Draumkvedet" med KORK
​2019:   Tildelt Aust-Agder fylkeskulturpris
2012:   Male Folk Singer of the Year – Folk Off! Awards, Liverpool
​2011:    Nominert til Spellemannprisen 2011 i klassen viser for albumet Vegen
2009:  Kåret til Årets unge folkemusikar i INTRO-folk av Rikskonsertene og ​FolkOrg
2008:  Folkelarmprisen "Årets Solo Album" for utgjevinga Tak hardt uti hand

           

BOOKING


kimrysstad@gmail.com